Nettleige

Nettleige er prisen du betalar for å få overført straum til huset ditt - transportutgiftene på straumen.

Kor mykje energiverket maksimalt kan ta inn i total nettleige frå kundane sine er regulert ved at NVE kvart år fastset ei inntektsramme for kvart enkelt nettselskap.

Nettleiga dekker utbygging og drift samt beredskap heile døgnet året rundt.

Omlag halvparten av nettleiga er offentlege avgifter som nettselskapa er pålagde å krevje inn på vegne av staten. 

Nettleige:

Nettleige Lærdal Energi AS

Prisliste over tjenester frå Lærdal Energi (alle prisar eks. mva):

  • Leige av byggeskap pr.veke: kr 250,-

  • Til -og fråkopling byggestraum kabel/luft: kr 4.750,-

  • Tilkopling stikkledning kabel/luft: kr 2.150,-

  • Fråkopling stikkledning kabel/luft: kr 2.150,-

  • Tilkobling mindre enn 12 mnd etter fråkopling: Må betale fullt fastledd.

  • Gjenåpning etter stenging ved misligholdt betaling: kr 4.250,-

  • Bomtur: fakturerast etter medgått tid.

  • Ventetid: fakturerast etter medgått tid.

Standard nettleigeavtale.

 


Netteigars leveringsplikt

 Når du flyttar til vårt område er det vi i Lærdal Energi som automatisk vert nettleverandøren din.

Elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandør). Dette inneber at du som kunde må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.

 

 Leveringsplikt - prisar

Prising av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei fyrste 6 vekene. Etter dei fyrste 6 vekene fastset Lærdal Energi prisen. Leveringsplikt har tariffnamnet ventetariff og vert fakturert i lag med nettleiga. For å unngå leveringsplikt bør du inngå avtale med ein kraftleverandør snarast råd.

Kraftleverandørar

På Forbrukerådets straumprisportal vil du kunne samanlikne tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som leverer kraft til di anleggsadresse.

Last ned oversikt over kraftleverandørar i Lærdal Energi sitt område (pdf)