• Hugs å slå av kokeplater etter bruk. Har du lett for å gløyme, monter tidsur.

  • Gløym ikkje kokekar slik at dei kokar turre.

  • Termostathjul for strykejern og liknande skal stillast til eit minimum etter at ein er ferdig med arbeidet før støpselet vert trekt ut.

  • Trekk alltid ut støpselet til termostatstyrte elektriske apparat som kaffitraktar og liknande etter bruk. Bruk tidsur for å oppnå større tryggleik.

  • Bruk ikkje større lyspærer enn anbefalt! Ei  25W lyspærer kjem opp i ein temperatur på 89°C. Hugs god lufting mellom lyspære og lampeskjerm. Sjå etter svimerker o.l.

  • Bruk aldri lause lamper på barnerom!

  • Turk aldri kler på elektriske varmeomnar. Bruk ikkje vifteomn i rom der born og dyr oppheld seg.

  • Slå alltid av vifteomnen når han ikkje er under tilsyn!

  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn!

  • Lofilter på tørketrommel må reingjerast etter bruk p.g.a. varmeutvikling.

  • Bruk aldri varmeteppe/puter utan tilsyn! Det vil seie at når ein søv har ein ikkje tilsyn med varmeteppe/puta. Varmeteppe/pute må ikkje brettast!

  • Trekk til sikringane ein gang i året! Hugs også inntakssikringar! Har du automatsikringar, bør desse kontrollerast av autorisert installatør.

  • Gamalt elektrisk utstyr kan vera brannfarleg og bør kastast! Flytt for eksempel aldri gamle komfyrar og liknande ut på hytta utan at dei er kontrollert (isolasjonsmålt). Kjøp heller ikkje elektriske apparat på loppemarknad utan at dei er kontrollert.

  • Komfyren er den største enkeltårsaken til brann i Noreg og eldre menneske er spesielt utsette.

  • Så godt som alle komfyrbrannar skyldast menneskelege feil og ikkje tekniske feil ved produktet.

  • Ved å installera komfyrvakt kan du hindre at komfyrbrannar oppstår. Komfyren vert då slått av viss ein farleg situasjon oppstår.