Det er bygd eit omfattande linjenett i Lærdal kommune, mykje av dette i samband med kraftutbygginga som Østfold har gjennomført i bygda. Nokre av desse anlegga vart bygde på ein slik måte at dei seinare har gått inn som naturlege delar av straumforsyningsanlegget i bygda.

Regionalnettet til Lærdal Energi er tilknytt sentralnettet over ein 42 MW 300 kV/66 kV trafo i Borgund. Dette regionalnettet matar Borgund sekundærstasjon 10 MW 66 kV/22 kV og Lærdal sekundærstasjon 20 MW 66 kV/22 kV. 66 kV linja går frå Borgund kraftverk (sam- lokalisert med Borgund sekundærstasjon ) til Stuvane kraftverk og vidare til Lærdal sekundærstasjon, linja er 22,997 km lang.

Lærdal Energi har 22 kV linjenett fram til kommunegrensa mot Vang. Der har ein mogelegheit for å utveksle kraft med Vang Energiverk, men dette utvekslingspunktet vert berre nytta i krisesituasjonar.

Gjennom Lærdalstunnelen er det lagt høgspentkabel, og ca 10 km inne i tunnelen frå Lærdals- sida møter vi Aurland Energiverk AS og kan utveksle kraft med dei. Dette utvekslingspunktet vert også berre nytta i krisesituasjonar.

22 kV linjene våre går frå Lærdal sekundærstasjonut langs Lærdalsfjorden til Vindedal og opp Erdal til Helland. Det går også 22 kV linje frå Lærdal sekundærstasjon til Stuvane kraftverk (der ein kan mate inn inntil 10MW frå Stuvane kraftverk ) og til Borgund sekundær- stasjon. Frå Borgund sekundærstasjon går det 22 kV linje til Borlaug, ved Borlaug vert linja avgreina med ei grin mot Filefjell og Vang og ei grein mot Øljusjøen og Eldrevatn. Ved Eldrevatn har vi ein liten sekundærstasjon på 200 kW 22 kV/ 5 kV som forsyner to nettstasjonar for hytte feltet ved Eldrevatn. 

 

Lærdal Energi har tre sekundærstasjonar:

  • Lærdal sekundærstasjon 66kV/22kV, 20 MW. (ved Bergo)
  • Borgund sekundærstasjon 66kV/22kV, 10 MW. (ved Borgund kraftverk) 
  • Eldrevatn sekundærstasjon 22kV/5kV, 200 kW (ved Øljusjøen pumpekraftverk)

 

Distribusjonsnettet i Lærdal består i dag av:

  • 86km høgspentliner (for det meste 22 kV)
  • 40 km høgspentkablar (for det meste 22 kV)
  • 118 stk nettstasjonar
  • 92 km lågspentlinjer (for det meste 230 V)
  • 81 km lågspentkablar (for det meste 230 V)