MUNERIS - Ei gåve frå Lærdal Energi!

«MUNERIS», som er det latinske namnet for gåve, er oppretta for å gi ei handsrekking til dei mange og gode kreftene som legg ned eit viktig arbeid for lokalsamfunnet i Lærdal. «MUNERIS» delar ut midlar til kultur, idrett og andre samfunnsnyttige formål to gonger i året.

Lærdal Energi har gjennom ei årrekkje bidrege til utvikling i Lærdal kommune ved å gje støtte og sponsormidlar til gode tiltak innan kultur og idrett.  

Kven kan søkje?

For Lærdal Energi er det viktig at alle kan søkje. Anten du er ein veletablert organisasjon som driv med idrett, eller enkeltindivid som likar dans, har du like store moglegheiter for å få midlar gjennom «MUNERIS».

Søknadsfristar:  

Lærdal Energi gjennomfører to tildelingar pr år.

Søknadsfrist 1. tildeling: 31.12

Søknadsfrist 2. tildeling: 31.05

Korleis søkje:

Søknad skal sendast skriftleg til muneris@lenergi.no innan nemnte fristar. Søknad skal innehalde kva type føremål det vert søkt midlar for. Grunngjeving for kvifor nettopp du skal få støtte/midlar i tillegg til kontaktinformasjon.  

Tildeling:

Tildeling skjer normalt påfølgjande veke etter søknadsfrist. Er du ein av dei heldige som får midlar gjennom fondet vil du motta ein skriftleg tilbakemelding.

Alle som får tildelt støtte/midlar gjennom «MUNERIS» vert lagt ut på vår heimeside www.laerdalenegi.no