Kva er Elhub?

elhub.png

Elhub er ein nøytral datahub som vil handtere all måledata og marknadsprosessar i den norske kraftmarknaden. Det vil vera standardiserte grensesnitt for meldingsutveksling som vil føra til at alle marknadsaktørar kun treng å forholde seg til ein part. Elhub vil bidra til effektiv distribusjon av måleverdiar med høg kvalitet og utnytting av det teknologiske potensialet som ligg i AMS, både for nettselskap, leverandørar og sluttkundar. Elhub bidreg til eit tydlegare skilje mellom kva oppgåver straumselskapa har, og kva du framleis må kontakte nettselskapet for å løyse.

Skal du flytte, bestille, seie opp eller endre e-post eller telefonnummer, må du no kontakte straumleverandøren din. Det er straumleverandøren som skal ta hand om alle prosessar knytt til bestilling og oppseiing – dei skal og melde ifrå til netteigaren din.

Det er straumleverandøren som skal sørge for at oppdateringar i kontaktinformasjonen din blir meldt vidare til Elhub – slik at andre aktørar får korrekt informasjon derifrå.

Det er òg komme ei løysing for deg som sluttbrukar(privatkunde eller bedriftskunde) som heiter Elhub Web Plugin. Dette er ei løysing der ein kan logga seg inn via min side hjå kraftleverandøren, og sjå måleverdiar og anna informasjon om målepunktet. Trykk her for meir informasjon om Elhub Web Plugin.