Når du flyttar til vårt område er det vi i Lærdal Energi som automatisk vert nettleverandøren din.

Elektrisitetsleveransen består av to delar, ein monopolregulert del (nettselskap) og ein konkurranseutsett del (kraftleverandør). Dette inneber at du som kunde må inngå avtale både med det lokale nettselskapet og med ein kraftleverandør.

Leveringsplikt - prisar

Prising av leveringspliktig kraftleveranse er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dei fyrste 6 vekene. Etter dei fyrste 6 vekene fastset Lærdal Energi prisen. Leveringsplikt har tariffnamnet ventetariff og vert fakturert i lag med nettleiga. For å unngå leveringsplikt bør du inngå avtale med ein kraftleverandør snarast råd.

Kraftleverandørar

På Forbrukerådets straumprisportal vil du kunne samanlikne tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som leverer kraft til di anleggsadresse.

Last ned oversikt over kraftleverandørar i Lærdal Energi sitt område (pdf)