Lærdal Energi sine nettkundar kan krevje kompensasjon for alle avbrot i straumforsyninga som varer samanhengande i meir enn 12 timar.

Varigheita for eit langvarig avbrot i straumforsyninga blir rekna frå det tidspunkt Lærdal Energi først fekk melding om avbrotet

Avbrotet opphøyrer når normal straumforsyning er oppretta på nytt. Fleire påføljande avbrot reknast som samanhengande viss ikkje normal straumforsyning er oppretthalde i minst 2 timar samanhengande.

Kompensasjonssatsane er følgjande:

Avbrot over 12 timar til og med 24 timar:  Kr.    600,-
Avbrot over 24 timar til og med 48 timar:  Kr. 1.400,-
Avbrot over 48 timar til og med 72 timar: Kr. 2.700,-

For avbrot over 72 timar vert det gjeve eit tillegg på kr. 1.300,- for kvar påbyrja 24-timars periode avbrotet varer.

For hytter/fritidsbustader kan det samla krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for det aktuelle kalenderåret. (Nettleige inkl. ulike skattar og avgifter).

Ein og same juridiske person har ikkje krav på meir enn eitt kompensasjonsbeløp, uavhengig av talet på sluttbrukarkontraktar/abonnement som er tilkytt denne personen. Ved fleire abonnement/ målepunkt - der avbrotstida gjev grunnlag for ulike krav, skal abonnementet/målepunktet som gjev høgast kompensasjon leggjast til grunn.

Nettkundar som opplever langvarige avbrot må setje fram krav om kompensasjon innan 3 månader etter at normal straumforsyning er oppretta på nytt.
 

Rapporteringsskjema for utskrift finn du her. Alternativt kan du fylle ut elektronisk skjema under. Du kan kontakta Lærdal Energi AS for å få tilsendt papirversjon av skjemaet.