Når blir eg fakturert?

Lærdal Energi fakturerer alle sine kundar etterskotsvis den 15. i ny månad. Dvs at faktura for nettleiga i Januar blir fakturert 15. februar. Lærdal Energi nyttar netteigars avlesingar ved fakturering. Dersom målerstand ikkje er mottatt ved fakturering vil Lærdal Energi stipulera ditt forbruk.

Har ikkje motteke faktura?

Dersom du ikkje har motteke faktura frå kan du enkelt logge inn på «Mi side» for å finne din faktura. Her vil du finne eit fakturahotell med alle dine fakturaer me har produsert til deg. Du loggar inn med kundenummer og pin kode.

Måleravlesing

Lærdal Energi har innstallert automatisk målaravelesing i sitt nett.

Kva er eFaktura?

Bestiller du eFaktura får du fakturaen vår sendt til din nettbank. Denne må godkjennast i nettbanken ved betaling. Ynskjer du eFaktura kan du enkelt sette dette opp i nettbanken din eller via «Mi side» Du loggar inn med kundenummer og pinkode.

Kva er epostfaktura?

Epostfaktura blir sendt til din epost som du spesifiserte ved bestilling.