Logg inn - Elhub Web Plugin

Logg inn - Elhub Web Plugin

Elhub er ein nøytral datahub som vil handtere all måledata og markedsprosessar i den norske kraftmarknaden. Elhub Web Plugin er ei løysing der du kan følgje med på forbruket ditt heilt ned på timesnivå, og estimert årsforbruk.

Elhub er ein nøytral datahub som vil handtere all måledata og markedsprosessar i den norske kraftmarknaden. Elhub Web Plugin er ei løysing der du kan følgje med på forbruket ditt heilt ned på timesnivå, og estimert årsforbruk.

I følgje Forskrift 301, § 6-18, skal:

“Elhubbrukere skal på sine internettsider gi sluttbrukere mulighet til å styre hvem som skal ha tilgang til sine data i Elhub, og skal benytte webløsning for styring av tilgang til måleverdier og kundeinformasjon utviklet av avregningsansvarlig.”

Du kan logge deg inn med elektronisk ID her.

 

Gravemelding

Gravemelding

Alle som skal utføre gravearbeid i Lærdal kommune må fylle ut et gravemeldingsskjema som skal innom Lærdal Energi for godkjenning og underskrift. 

Alle som skal utføre gravearbeid i Lærdal kommune må fylle ut et gravemeldingsskjema som skal innom Lærdal Energi for godkjenning og underskrift. 

Gravemelding skal underskrivast av Lærdal Energi og ha vedlagt eit kart over området det skal gravast.  Det er viktig at graveområde er nøyaktig avmerka på kartet slik at det ikkje er tvil om kvar gravearbeidet skal gjerast.

Send forhåndsutfylt skjema minimum 2 dagar før oppstart av graving til begge desse e-postane:

jon.yttri@lenergi.no

jan.ove.breingsnes@lenergi.no

Ved behov for kabelpåvisning avtalast dette nærare med Lærdal Energi.  Kabeltraseane vert då merka med raud merkespray på bakken. Når kabeltraseane er merka, er det kunden si oppgåve å vedlikehalde oppmerkingen.

I tillegg må den som skal grave også innom Lærdal Kommune for å få graveløye der.  Sjå vedlagt link til dette dokumentet.

 

 

 

Installasjonsarbeid

Installasjonsarbeid

Installasjon.PNG

Lærdal Energi

nyttar Elwin for forhåndsmeldingar om installasjonar.

Kontakt oss på e-post: post@lenergi.no om firmaet ditt ikkje er registrert hjå oss frå før.

Forhåndsmelding av installasjonar bør vere oss i hende minst 4 virkedagar før tilknytning.

I NEK400: 2014 står det i 823.304 at tilførselen i ein boliginstallasjon skal vere utført i samsvar med krav i NEK399-1.  Samsvarserklæring som henviser til NEK400 vil også innebære at krava i NEK399 må oppfyllast for nye bustadanlegg.  Dette gjeld også for hytter.

Lærdal Energi ynskjer også at NEK399 vert lagt til grunn ved omlegging av inntakskabelen på eksisterande hus og hytter.

TFXP 4G50Al er standarisert kabel for stikkledning til hus og hytter.

Er noko uklart ta kontakt med oss på e-post: post@lenergi.no eller telefon 57 66 94 00.

 

Straumbrot

Straumbrot

Straumbrot.JPG

Skal du melda ifrå om straumbrot, ring 57669420!

Har du oppdaga skadar på straumnettet, er det viktig at du melder ifrå til oss med ei gong!

Varseltrekant+spe.jpg

HOLD AVSTAD TIL STRAUMFØRANDE LEIDNINGAR - DEI KAN VERA LIVSFARLEGE Å KOMA I KONTAKT MED!

Kompensasjon ved straumbrot

Lærdal Energi sine nettkundar kan krevje kompensasjon for alle avbrot i straumforsyninga som varer samanhengande i meir enn 12 timar.

Varigheita for eit langvarig avbrot i straumforsyninga blir rekna frå det tidspunkt Lærdal Energi først fekk melding om avbrotet

Avbrotet opphøyrer når normal straumforsyning er oppretta på nytt. Fleire påføljande avbrot reknast som samanhengande viss ikkje normal straumforsyning er oppretthalde i minst 2 timar samanhengande.

Kompensasjonssatsane er følgjande:

Avbrot over 12 timar til og med 24 timar:  Kr.    600,-
Avbrot over 24 timar til og med 48 timar:  Kr. 1.400,-
Avbrot over 48 timar til og med 72 timar: Kr. 2.700,-

For avbrot over 72 timar vert det gjeve eit tillegg på kr. 1.300,- for kvar påbyrja 24-timars periode avbrotet varer.

For hytter/fritidsbustader kan det samla krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for det aktuelle kalenderåret. (Nettleige inkl. ulike skattar og avgifter).

Ein og same juridiske person har ikkje krav på meir enn eitt kompensasjonsbeløp, uavhengig av talet på sluttbrukarkontraktar/abonnement som er tilkytt denne personen. Ved fleire abonnement/ målepunkt - der avbrotstida gjev grunnlag for ulike krav, skal abonnementet/målepunktet som gjev høgast kompensasjon leggjast til grunn.

Nettkundar som opplever langvarige avbrot må setje fram krav om kompensasjon innan 3 månader etter at normal straumforsyning er oppretta på nytt.
 

Rapporteringsskjema for utskrift finn du her. Alternativt kan du fylle ut elektronisk skjema under. Du kan kontakta Lærdal Energi AS for å få tilsendt papirversjon av skjemaet.

 

Byggjestraum

Byggjestraum

Byggjestraum.PNG

Byggjestraum er eit mellombels straumuttak frå ei anleggskasse som vert sett opp på byggjestaden.

Slik tidsavgrensa straumuttak skal takast ned straks permanent installasjon er kopla til kraftnettet. Hugs å inngå avtale med ein straumleverandør.

 

Prisliste tjenester frå Lærdal Energi (alle priser uten mva):

Leige av byggeskap pr.veke: kr 100,-
Til- og fråkopling byggestraum kabel/luft: kr 4.750,-
Tilkopling stikkledning kabel/luft: kr 2.150,-
Fråkopling stikkledning kabel/luft: kr 2.150,-
Tilkobling mindre enn 12 mnd etter fråkopling: Må betale fullt fastledd
Gjenåpning etter stenging ved misligholdt betaling: kr 4.250,-
Bomtur: fakturerast etter medgått tid
Ventetid: fakturerast etter medgått tid

 

Når skal du kontakte Lærdal Energi Nett?

Når skal du kontakte Lærdal Energi Nett?

Lys.PNG

Nye reglar!

Du bør kontakte oss hvis du for eksempel skal:

  • Bygge nytt / knyte nybygg til straumnettet

  • Endre / øke effekten på det elektriske anlegget

  • Endre fra 1-fase til 3-fase

  • Legge om / flytte eksisterende nett

  • Legg om fra luft til kabel med og uten ekstra av overbelastningssikkerhet

  • Lever rivemelding

  • Gravemelding

  • Kontroller forbruket for perioden hvor du ikke har hatt strømleverandør

  • Spør om å knytte til faktura for nettleige

  • Melde om farlige forhold i nettet

  • Meld fra, eller sjekk status på straumbrot

Om Lærdal Energi

Om Lærdal Energi

bilde (7).JPG

Lærdal Energi AS vart skipa 27.desember 1934, som L/L Lærdal Kraftverk med aksjeinnskot frå innbyggarane, kommunen og Lærdal sparebank.

Lærdal Energi er eit integrert energiselskap som driv både kraftomsetning, nett- og entreprenørverksemd. Kraftomsetning drive i samband med Lærdal kommune, ved at me sel den konsesjonskrafta kommunen har høve til å ta ut.

Lærdal Energi har områdekonsesjon på heile Lærdal kommune bortsett frå Frønningen som ligg i konsesjonen til Sognekraft AS. Dette betyr at me har monopol på å drive distribusjon av elektrisk kraft i Lærdal kommune. I tillegg driv me entreprenørverksemd saman med Aurland Energiverk.

  • Selskapet bygde ut Husum Kraftverk som vart sett i drift i september 1936 og har frå denne tid hatt ansvaret for straumforsyninga i Lærdal og Borgund, no Lærdal kommune.

  • Dette selskapet er eit direkte framhald av L/L Lærdal Kraftverk og Lærdal Energiverk AS, som er andre namn som har vore brukt på selskapet.

  • Selskapet sel ca. 55 GWh kraft og har ca. 1700 kundekontrakter. Dette gjev ein omsetning på ca. 27 mill. kroner.

  • Lærdal Energi har eit omfattande samarbeid med Aurland Energiverk AS som mellom anna omfattar felles administrasjon.    

  • Lærdal Energi har eit omfattande samarbeid med Aurland Energiverk AS som mellom anna omfattar felles administrasjon.    

  • Lærdal Energi har eit omfattande samarbeid med Aurland Energiverk AS som mellom anna omfattar felles administrasjon.

  • Samarbeidet er også utvikla vidare slik at frå 31.07.01 har selskapa felles vaktordning, felles entreprenørverksemd og felles tilsynsfunksjon.

I dag er Lærdal Energi ein landsdekkande leverandør av straum til norske hushaldningar.


Selskapsform

Lærdal Energi er eit aksjeselskap med 330.000 kroner i aksjekapital fordelt på 3300 aksjar à kr. 100,-. Lærdal kommune eig 1.655 stk. (50,15 %) aksjar, Gjensidige Forsikring eig 170 stk (5,15%) aksjar og Okken Kraft Lærdal KF eig 168 stk (5,09) aksjar.

Selskapet vert leia av eit styre med fem representantar og vararepresentantar valde av generalforsamlinga. Ein representant med personleg vararepresentant vert vald for eitt år etter framlegg av og mellom dei tilsette. Styremedlemmane vert valde for ein to-årsperiode, styreleiar og nestleiar vert valde for eitt år om gongen.


Styre:

  • Lars Petter Nesse, styreleiar

  • Gro Starheimseter, nestleiar

  • Robert Einemo, styremedlem

  • Robert Elgåen, styremedlem

  • Jon Yttri, (tilsettrepr.) styremedlem



Retningslinjer for anleggsbidrag

Retningslinjer for anleggsbidrag

Anleggsbidrag.PNG

Anleggsbidrag

Lærdal Energi føl NVE sine retningslinjer for betaling av anleggsbidrag.

§ 16-1.Når skal nettselskapet fastsetje og krevje inn anleggsbidrag

“Nettselskapet skal fastsette og kreve inn et anleggsbidrag fra kunden for å få dekket hele eller deler av kostnadsgrunnlaget for investeringene som blir utløst når kunden:

a)blir tilknyttet nettet

b)får økt kapasitet

c)får bedre kvalitet.

Nettselskapet skal også fastsette og kreve inn et anleggsbidrag fra kunder som blir tilknyttet eller får økt kapasitet i nettanlegg som er anleggsbidragsfinansiert. Plikten gjelder i ti år fra tidspunktet kunden som utløste investeringen ble tilknyttet eller fikk økt kapasitet.”

Føl linken for å lese meir:

§ 16 - Anleggsbidrag

Ofte stilte spørsmål

Ofte stilte spørsmål

IMG_3287.JPG

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål.

Når blir eg fakturert?

Lærdal Energi fakturerer alle sine kundar etterskotsvis den 10. i ny månad. Dvs at faktura for nettleiga i januar blir fakturert 15. februar.

Eg har ikkje motteke faktura, kva gjer eg?

Dersom du ikkje har motteke faktura frå kan du enkelt logge inn på «Mi side» for å finne din faktura. Her vil du finne ei fakturaoversikt med alle dine fakturaer me har produsert til deg. Du loggar inn med kundenummer og pin kode.

Korleis opprettar eg AvtaleGiro og eFaktura?

For å opprette AvtaleGiro eller eFaktura brukar du KID og/eller eFakturareferanse som du finn i velkomstbrevet ditt eller på min side under “faktura”.

Kva er forskjellen på e-postfaktura og eFaktura?

E-postfaktura er ein faktura som blir sendt til e-postadressa di, medan eFaktura er ein faktura du får inn i nettbanken din, som du sjølv må godkjenne for betaling.

Eg skal flytte, kven melder eg ifrå til?

Skal du flytte, må du ta kontakt med kraftleverandøren din minimun 3 dagar før utflyttingsdato.

Eg ynskjer å gjere endringar i kontaktinformasjonen min, korleis gjer eg det?

For å gjere endringar i kontaktinformasjonen din, må du ta kontakt med straumleverandøren din, me får tilgang til riktig informasjon gjennom Elhub.

Kvar finn eg fakturagrunnlaget (kWh) mitt?

På “Mi Side” finn du både fakturagrunnlag og ei oversikt over tidlegare fakturaer.