Det lokale eltilsyn

Det lokale eltilsyn

DLE utfører tenester som:

  • Kontroll av elektriske installasjonar og utstyr i private bustadar.
  • Kontroll og oppfølging av elektroentreprenørar i LE sit konsesjonsområd.
  • Revisjon og verifikasjon av elektrisk anlegg.
  • El-sikkerhet og internkontroll i verksemder.
  • Informasjon om el-sikkerhet til private, verksemder mm.
  • Opplysningsverksemd til skular.
  • Kontroll med omsetting av elektrisk utstyr.
  • Bistand til politi ved brannetterforskning.

DLE er ein del av nettselskapet. Fagleg er DLE underlagt«Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap» (DSB).

Lærdal Energi AS er pålagde å føra tilsyn med alle elanlegg innafor sitt forsyningsområde. Det er (DSB), som legg føringar på kva tilsyna skal innehalda. DLE rappporterer resultata av tilsyna til DSB

Tilsynsingeniør Olav Ødegård
Tlf: 915 86 570

Lover og forskrifter

Lover og forskrifter

Formelt er DLE sitt arbeid forankra i Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr med føljande forskrifter.

  • Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg.
  • Forskrift om elektrisk utstyr.
  • Forskrift om utstyr og sikkerhetssystem til bruk i eksplosjonsfarleg område.
  • Forskrift om registrering av verksemder som prosjekterer, utfører og vedlikeheld elektriske anlegg.
  • Forskrift om kvalifikasjonar for elektrofagfolk.
  • Forskrift om sikkerheit ved arbeid i og drift av elektriske anlegg.
  • Forskrift om utstyr og sikkerheitssystem til bruk i eksplosjonsfarlig område.
  • Forskrift om bruk og vedlikehald av elektromedisinsk utstyr.
  • Forskrift om elektriske forsyningsanlegg.
  • Forskrift om helse og sikkerhet i eksplosjonsfarlege atmosfærar.
  • For alle verksemder gjeld i tillegg Forskrift om Systematisk Helse,Miljø og sikkerheitsarbeid.

Internkontroll

  • Alle verksemder er pålagt å ha eige internkontrollsystem som omfattar mellom anna dei elektriskeinstallasjonane og det elektriske utstyret.
  • Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera:
    Kva mål verksemda har for helse, miljø og tryggleik.
    Korleis verksemda er organisert, korleis ansvar og oppgåver innafor HMS er fordelt.
    Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande).
    Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan).
    Rutinar for handtering av feil og manglar.
    Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at de fungerer etter føremålet.
  • Internkontrollsystemet skal tilpassast verksemdas storleik og virkeområde.

Sjekkliste for eigenkontroll

Dette kan du kontrollera sjølv:

  • Inntakssikringane er som oftast montert der jordkabel eller luftlinje kjem inn i bygningen.
  • Inntakssikringane skal ikkje vera unormalt varme.
  • Spenningsførande delar ved inntak skal vera skjerma mot tilfeldig berøring.
  • Sikringar i sikringsskåpet skal ikkje vera unormalt varme.
  • Dersom sikringen ofte koplar ut, tyder dette på at det er for stor belastning på denne kursen.
  • Kontroller at skrusikringar er godt tilskrudde.
  • Det skal ikkje oppbevarast brennbart materiale eller uvedkommande ting i sikringsskåpet.
  • Spenningsførande delar i sikringsskåpet skal vera skjerma mot tilfeldig berøring.
  • Kontroller at varmeomnar ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar.
  • Kontroller at veggomnar er godt festa.
  • Kontroller at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom.
  • Kontroller at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret.
  • Kontroller at sengelampar og varmeomnar på barnerom er skikkeleg festa til veggen.
  • Kontroller at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk.
  • Kontroller at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk.
  • Kontroller at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk.
  • Sjå etter at det ikkje er synlege feil og manglar på installasjonar og utstyr.
  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn.
  • Unngå utstrakt bruk av skøyteleidning.
  • Elektrisk utstyr som vrt brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt.
  • Utan forvarsel kan ulykker ramma deg og dine næraste. Montering av jordfeilbrytar og overspenningsvern er ei god forsikring for å sikra bustaden mot brann og berøringsfare.
  • Jordfeilbrytaren og overspenningsvernet vert montert i sikringsskåpet. Den koplar ut straumen om det oppstår ein jordfeil.

Dersom det vert avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør. Me anbefaler å ta ein «Elsjekk» av den elektriske installasjonen kvart 10-12 år, ta kontakt med elektroinstallatør for å avtale dette.

Sakshandsaming

Sakshandsaming

Saksgangen ved kontroll og oppfylgjing:

1. Kontrollen varslast på førehand, anten skrifteleg eller munnleg. Dersom det ikkje vart avdekka feil/manglar ved kontrollen, vil dette gå fram av rapporten og saka vert avslutta.

2. Dersom det ved kontrollen vart avdekka feil/manglar, vil kunden verta tilsendt eit varsel om vedtak i lag med rapport som beskriv feil/manglar. På varslet om vedtak er det sett ein frist for tilbakemelding. Når me har motteke tilbakemeldingom retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka vert avslutta.

3. I dei tilfelle det vert avdekka alvorlege feil/manglar vil det verta sendt vedtak direkte.

4. Dersom fristen på varselet om vedtak går ut, utan at me har motteke tilbakemelding, vil me gjera vedtak i saka. Vedtaket vil i lag med rapporten verta sendt kunden. I vedtaketet vert det sett frist for retting av feil/manglar. Innan denne fristen må også Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) ha tilbakemelding om at feil/manglar er retta. Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka avslutta vert.

5. Dersom kunden ikkje føljer opp vedtaket innan fristen, vil det verta utsendt purring på vedtaket, med frist for tilbakemelding.

6. Dersom kunden ikkje føljer opp purringa vil eit av alternativa verta vurdert sett i verk:
6.1, saka vert sendt over til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering om tvangsmulkt med heimel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.
6.2, Dersom vidare drift av dei feila/manglar som vart avdekka ved kontrollen inneber fare, kan anlegget verta fråkopla.

Dette har du lov å gjere sjølv

Dette har du lov å gjere sjølv

Ved utbetringar og nye anlegg er det godkjent installatør som skal utføra ardeidet.

Følgjande kan du likevel gjera sjølv:

  • Montera og skifta varmeomnar dersom dei har leidning med støpsel.
  • Kopla til, eller skifta topolt (einfasa) støpsel på skøyteleidning til og med 25 A, med og utan jording.
  • Kopla til, eller skifta topolte skøytekontaktar, apparatkontaktar og montera leidningsbrytarar.
  • Kopla til lampettar, bordlamper etc. med bevegelig leidning og montere leidningsbrytararar.

Kopla til og skifta lampar som heng i tak-krok eller liknande og er tilkopla med støpsel/stikkontakt. Det må vera strekkavlastning på sjølve leidningen slik at leidningane ikkje vert fysisk belasta. Dette gjeld ikkje i dei tilfelle lampane er å betrakta som ein del av den faste installasjonen, dvs. lampen er festa til underlag med skruer.

Kontakt oss >>

Jordfeil

Jordfeil

Har du jordfeilbrytar som slår seg ut kan du følgja framgangsmåten under for å finna kva kurs som har jordfeil.

Når jordfeilbrytaren slår ut, kan du lokalisera feilen ved å gå gjennom punkta under:

  • Skru ut alle sikringar og/eller automatsikringar bortsett frå overbelastningsvernet (hovudsikringen).

  • Slå inn igjen jordfeilbrytaren.
  • Kople inn ein og ein sikringskurs til jordfeilbrytaren koplar ut igjen.Du har no funne den sikringskursen som har jordfeil.
  • Slå av/skru ut den kursen som det er feil på.Kopla jordfeibrytaren inn att.
  • Slå av alle brytarar, trekk ut alle støpsel på denne sikringskursen og skru inn/slå på sikringen/automaten igjen
  • Slå på eit og eit apparat igjen til feila oppstår igjen. Du har no funne det apparatet som er årsak til feila. La dette apparatet vera fråkopla.

For utbetring av feila ta kontakt med installatør.
Dersom du ikkje har jordfeilbrytar og du opplever at nokon for straumstøyt gjennom seg, må du kontakta installatør omgåande for å finna denne feilen.


Dersom installasjonen din er i orden, skal ikkje dette kunne skje. Det ville også vera ein god tryggleik om du får installatrøren til å montera jordfeilbrytar i anlegget ditt. 
Jordfeilbrytarane kan kopla bort ein feil som er under utvikling og som i verste fall kan resultera i brann eller at nokon får straum gjennom seg.

Sjekkliste for ein tryggare heim

Sjekkliste for ein tryggare heim

  • Hugs å slå av kokeplater etter bruk. Har du lett for å gløyme, monter tidsur.

  • Gløym ikkje kokekar slik at dei kokar turre.

  • Termostathjul for strykejern og liknande skal stillast til eit minimum etter at ein er ferdig med arbeidet før støpselet vert trekt ut.

  • Trekk alltid ut støpselet til termostatstyrte elektriske apparat som kaffitraktar og liknande etter bruk. Bruk tidsur for å oppnå større tryggleik.

  • Bruk ikkje større lyspærer enn anbefalt! Ei  25W lyspærer kjem opp i ein temperatur på 89°C. Hugs god lufting mellom lyspære og lampeskjerm. Sjå etter svimerker o.l.

  • Bruk aldri lause lamper på barnerom!

  • Turk aldri kler på elektriske varmeomnar. Bruk ikkje vifteomn i rom der born og dyr oppheld seg.

  • Slå alltid av vifteomnen når han ikkje er under tilsyn!

  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn!

  • Lofilter på tørketrommel må reingjerast etter bruk p.g.a. varmeutvikling.

  • Bruk aldri varmeteppe/puter utan tilsyn! Det vil seie at når ein søv har ein ikkje tilsyn med varmeteppe/puta. Varmeteppe/pute må ikkje brettast!

  • Trekk til sikringane ein gang i året! Hugs også inntakssikringar! Har du automatsikringar, bør desse kontrollerast av autorisert installatør.

  • Gamalt elektrisk utstyr kan vera brannfarleg og bør kastast! Flytt for eksempel aldri gamle komfyrar og liknande ut på hytta utan at dei er kontrollert (isolasjonsmålt). Kjøp heller ikkje elektriske apparat på loppemarknad utan at dei er kontrollert.

  • Komfyren er den største enkeltårsaken til brann i Noreg og eldre menneske er spesielt utsette.

  • Så godt som alle komfyrbrannar skyldast menneskelege feil og ikkje tekniske feil ved produktet.

  • Ved å installera komfyrvakt kan du hindre at komfyrbrannar oppstår. Komfyren vert då slått av viss ein farleg situasjon oppstår.